Skip to Content

Skip to Navigation hotkey

Ny diktarstig i Botnane

  Jan-Magnus budde fleire år ute ved havet Jan-Magnus Bruheim (1914-88) budde i Botnane i Bremanger frå 1978 til 1985. Han gav ut 11 av dei 45 bøkene sine medan han budde der ute ved havet. I Botnane ynskjer dei å få til ein diktarstig med dikt Bruheim skreiv medan han budde der. Ein del dikt har motiv frå konkrete plassar i bygda, og meininga er å sette opp 6-7 skilt med slike dikt og informasjon om Bruheim og Botnane. - Inspirert av Diktarstigen i Skjåk ser eg føre meg ein diktarstig i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte nærast råd dei konkrete plassane som inspirerte han til å skrive dikta. Eg synst det er naturleg at det står noko synleg att etter 100-årsjubileet for Bruheim (2014) også i Botnane, seier Magni Øvrebotten. Det er Botnane og Årebrot grendalag med Magni Øvrebotten i bresjen, som er ansvarlege for dette prosjektet. Magni Øvrebotten har laga ei prosjektskisse for Diktarstigen i Botnane. Vil du vere med å støtte diktarstigen? Diktarstigen er kostnadsrekna til 70.000 kroner og skal settast opp på dugnad i 2016. Pengar må samlast inn og Botnane og Årebrot grendalag har oppretta ein eigen konto til føremålet: 3705.29.68802. Vil du vere med å gje støtte til diktarstigen, må du hugse å merke innbetalinga med Diktarstig.  

Les meir
Back to top