Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Diktarstigen på Billingen

Diktarstigen er eit spennande prosjekt og samarbeid mellom Bruheim-nemnda og Breheimen Nasjonalparkstyre. Stigen har 9 tavler med dikt/sitat av Bruheim på nynorsk, engelsk, tysk og fransk.

Det er Ivar Teigum, Erling Langleite og Sylfest Lomheim som har omsett sitata/dikta.

Stigen ligg ved Billingen setergrend, som kan vere ein inngangsport til nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen og Honnsrøve naturreservat.

Opninga av stigen gjekk føre seg under Diktardagar 2013, nærmare bestemt sundag 4. august.

opning av diktarstigen på Billingen
Frå opninga av diktarstigen på Billingen. Foto: Ingrid Eide Lindsheim

Ordførar Rolv Kristen Øygard ynskte velkomen og Olemic Thommessen opna Diktarstigen ved å seie nokre ord og ved å gå stigen.

Stigen går langs den mektige og brusande elva Tora. Vi valde difor å ha resten av underhaldninga på Nørdre Prestgardsetra kor familien Arnestuen/Bårdseng held til. Setra ligg fantastisk til med utsikt over setergrenda Billingen og fine fjell som bakteppe.

Billingen Setereigarlag tok varmt imot oss og stilte med både seterkve og servering av mat og drikke med tradisjon frå Skjåk. Programleiar Rolv Kristen Øygard losa dei 150 frammøtte gjennom eit flott og variert program.

Olemic Thommessen opna programmet og tok utgangspunkt i det å gå frå botnen opp i høgda, bli løfta og få utsyn. Inge Eidsvåg hadde eit flott kåseri, der han mellom anna snakka om Jan-Magnus Bruheim og naturen.

Mari Eide Lindsheim song og spelte på gitar ein sjølvkomponert melodi.

Synne Stensgård Fjerdingren og Rikard Skjelkvåle spelte fele. Synne imponerte òg med å lese barnediktet «Nypoteta» med stor innleving, det er nok ikkje siste gongen vi høyrer Synne lese dette diktet.

Både Magnhild Bruheim og Hildegunn Solberg Nes las dikt, vi kjem nok til å høyre meir frå desse damene òg.

Vi er godt nøgde med opninga og håpar mange finn vegen til Diktarstigen, den er ei flott oppleving.

Back to top