Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Gjev meg ei stund med stille

Gjev meg ein dag med stille.
Der solblanke, blide
båror går mot mi kyst.
Lat det bli fred, der dei ville
stormane bryt i mitt bryst.

Gjev meg ei stund med stille.
Før meg attende
frå uver og ilt.
Heim til det mogne og milde
Lat alt bli stilt.

    Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lesa fleire av dikta til Jan-Magnus

Back to top