Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Hesten og musa

Dei var ute og gjekk i skymda –
ein hest og ei lita mus.
Dei var slike gode vener
og budde i same hus.

Fyrst gjekk den ned til elva
og drakk så det hadde skikk.
«Det er mest så at elva minkar,»
peip musa, «når vi to drikk!»

«Hald i meg du,» bad hesten.
«Eg er noko mørkredd må tru.»
«Å, eg skal vel passe deg,» svara musa.
Så gjekk dei over ei bru –

Musa ho dilta etter
og heldt i eit rumpehår
«Det drøn rett tungt,» humra hesten,
«når vi to er ute og går!»

Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Back to top