Til alle i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Du er invitert til stiftingsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Møtet skal gå føre seg i Utgard, Lundagrende, Skjåk (hjå Mari Brenna) fredag 6. mai kl 18.

Program

  • Opning ved Rolf Kristen Øygard
  • Oppsummering av jubileet ved Magnhild Bruheim
  • Status ny barnebok med dikt
  • Diktlesing ved Endre Skjåk
  • Stifting av styre (val av styre, forslag til vedtekter, arbeidet vidare)
  • Servering

Send inn forslag til styremedlemmar

Send gjerne forslag på personar som er viljug til å stille til val for styret i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim før 18. april til denne e-postadressa: post@janmagnusbruheim.no

Velkomen!

 

Innbydinga er eit initiativ frå jubileumsnemnda

Sigrun Eide, Magnhild Bruheim, Rolf Kristen Øygard,
Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten og Torgeir Ødegård