Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Nypoteta

Den gamle tala til dotter si:
«Å, kjære ljosraude dotter mi,
lat meg få stryke på
den glatte skinande huda di!»

Men nypoteta ho sette i
så heit av skam
og så sprengd av sinne
at ho vart endå meir
raud i kinnet:

«Kom ikkje nær meg!
eg veit da godt,
så stygg ei mor
har eg aldri ått»
At eg er vakker, kan alle sjå,
og av eit finare slag enn du
som er så skrukkut og grov og grå.
Eg har så flortynn og fin ei hud.»

«Akk,» sukka mora,
«det var ein gong
at eg var like så ven og ung.
Men du og syskena dine saug
all kraft og venleik or kroppen min.
Og likevel er eg glad i deg
og vil så gjerne
få stryke ditt glatte kinn.»

«Nei, hald deg unna, ditt stygge skinn!»
skreik nypoteta.
Ho bykste til med eit kjempehopp
og trilla beint
ned i grisebingen –

«Øff-nøff,» sa grisen,
og åt ho opp –

Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lesa fleire av dikta til Jan-Magnus

Back to top