Om Jan-Magnus

Jan-Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk 15. februar 1914. Han budde i Skjåk det meste av livet sitt.

 

 

Han gav ut fleire diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers.

Bruheim var ein populær opplesar, i kringkastinga (Ønskediktet), i skular, lag og foreiningar mange stader i landet.

 

Bilete av Jan-Magnus Bruheim

Jan-Magnus Bruheim. Foto: Mattis Thoresen, Sunnmørsposten

Samfunnsengasjert

Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa.

Men engasjementet gjer seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans.

 

Kjærleik og einsemd

Han arbeidde heime på garden og som lærar før han vart forfattar på heiltid. 27 år gammal debuterte han med diktsamlinga ”Stengd dør”, som handla om kjærleikslengt og einsemd.

I seinare bøker vart diktinga meir prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt.

Han var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen.


27 år gammal debuterte Jan-Magnus med diktsamlinga ”Stengd dør”, som handla om kjærleikslengt og einsemd.


Bruheim gav ut nærmare 40 bøker gjennom om lag like mange år, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker.

Jan-Magnus Bruheim ved døra heime i Skjåk

Jan-Magnus ved diktarstova si i Skjåk. Foto: Kristian Hosar.

Han fekk ei rekkje prisar og premiar for barnebøkene sine, mellom anna frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han vart og tildelt Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen.

 

Lengta til kysten

Frå 1978 til 1985 budde Jan-Magnus i det nedlagde skulehuset i Botnane i Bremanger kommune.

Han hadde lenge ynskt å bu på kysten, for å oppleve ein annan natur og eit anna folkeferd enn han var van med. «Bruheimen», som han vart kalla, fann seg raskt til rette og vart ein svært omtykt bygdamann.

Diktinga hans fekk ny næring, nye motiv og synsvinklar og 11 av dei 45 bøkene hans er skrivne der.

«Sju gode år», sa han sjølv om åra i Botnane.

Bruheim hadde i mange år hytte på Billingen i Skjåk, her kunne han la seg inspirere av naturen og finne fred og ro til å skrive. Her kan du lese meir om Diktarstigen på Billingen.

Bøker og andre Bruheim-produkt

Bruheim-nemda sel mellom anna bøker og postkort med dikt av Jan-Magnus.

Kvifor ikkje kjøpe ei bok som gåve til deg sjølv eller nokon du er glad i?

Kjøp Jan-Magnus Bruheim-produkt