Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

TV-konsert med Sigrid Moldestad på NRK

Merk deg langfredag på NRK 1 kl 22.35. Da blir det TV-konsert med Sigrid Moldestad.

Sigrid er ein kjend folkemusikar med mange kvalitetar som vi ønskjer å syne fram for heile landet, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane.

Sigrid Moldestad har fornya folkemusikken som gjer at ho appellerer til eit bretit publikum.

Med den vakre ramma som operagarden vil gi konserten, er eg trygg på at dette vil verte ei fantastisk musikalsk oppleving, seierRaasholm Fauske.

Sigrid Moldestad har plukka fram nokre av sine sterkaste låtar frå si musikalske karriere når ho inviterer til intim TV-konsert på Åmot Operagard.

Det er NRK Sogn og Fjordane og operagarden som saman arrangerer denne unike konserten.

Back to top