August -14
Ei musikalsk historie om rasisme, mobbing og framtidshåp
Tindra: Forestillinga «Den kvite hjorten», basert på Jan-Magnus Bruheim si bok, vil bli framført 28 gonger dei neste tre vekene, for barneskule-elevar på heile søre Sunnmøre. Me gledar oss!
Dette er ei familieframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett dei 61 versa på rim.
Det var i 2010 at forestillinga vart sett opp for fyrste gong. I Skjåk fekk vi vere med på ei musikalsk reise saman med Tindra, Helge Jordal og elevar frå Skjåk kulturskule i den kvite hjorten si verd.
Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp.
Musikarane i Tindra møttes under studiar ved Norges Musikkøgskole. Dei er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland på song, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal på fele/hardingfele, og Irene Tillung (1977) frå Voss på akkordeon. Tindra greier å vidareføre tradisjonsmusikken fantasifullt og stilig, samtidig som dei skaper samtidsfolkemusikk. Dei tonesetter dikt av lyrikarar som Jan Magnus Bruheim og Ragnar Hovland, like gjerne som dei arrangerar gamle folkeviser. Dei har vunne open klasse på Landskappleiken (2003) og var i 2005 finalistar i Rikskonsertanes lanseringsprogram, INTRO-folk. Tindra har vore på turne i regi av Rikskonsertane, og har halde konsertar i Europa og Asia. Dei hadde showcasekonsert under Folkelarm 2006, og slapp debutplata si, Lukkeleg vaking, same år. Gabriel Fliflet og Aasmund Nordstoga er gjesteartistar på plata som blei nominert til spellemannpris.
Foto: Ingvil Ljones
CD
Dei tonesette dikta er tilgjengeleg på CD - Den kvite hjorten
NRK Kulturnytt: Dette er delikat! Gode melodier og mange musikalske perler som ligger rundt den kvite hjorten.
Hordaland: Eit lite smykke i den norske CD-floraen
Her er bilete frå den fyrste oppsettinga med Tindra og Helge Jordal. Foto: Eivind Kaasin