Jan-Magnus Bruheim 2014


"Står du ved stuven
er tidi komi
då du kan rekne
ringar av år"


Frå Årringar, 1987





Hovudsponsor:

Inspirasjonskveld for tilsette i skulen og barnehagane

September -13

FYRVERKERIET FRÅ ELLINGSØYA

Hildegunn Solberg Nes
Vi inviterte HildegunnSolberg Nes til Skjåk slik at ho kunne dele si erfaring om bruk av diktinga til Jan-Magnus i sitt arbeid som lærar. Ho har hatt fleire forestillingar med dikta hans, mellom anna på Det Norske Teatret.

Hildegunn er ei energisk dame med ei heilt spesiell formidlingsevne. Med sin store lidenskap for diktinga til Jan-Magnus, fekk vi mykje inspirasjon og mange gode idear til korleis vi kan bruke diktinga til Jan-Magnus både i skulen, barnehagen, kulturskulen og elles. (Ynskjer du tips til inspirasjon kan du kontakte Sigrun Eide, tlf 415 04 309, eller:post@janmagnusbruheim.no, så sender vi eit inspirasjonshefte.)

Hildegunn kjende Jan-Magnus personleg. Ho lærte dikta hans utanåt som barn, ho besøkte han første gong i Skjåk då ho var berre ti år. Den første klassa tll Hildegunn vart også Jan-Magnus si  klasse, han følgde med på utviklinga deira gjennom brev. Det vart fleire besøk, og Jan-Magnus var også med i friminutta, dei hang rundt han og likte ikkje at han skulle ta ein tur innom andre klasser og. Ein ung kar banka på i naboklasserommet og sa: ” De får ikkje ha han lenge, for han er VÅR!” . Her kan du lese ein artikkel som Hildegunn har skrive om sitt vennskap med
Jan-Magnus: Eit vennskap.

Vi er glade for å samarbeide med Hildegunn. Ho las dikt på opninga av Diktarstigen, og ho skal vere med på festforestillinga 15. februar 2014. Etter festforestillinga, i veke 8 i 2014, er Hildegunn å møte på Det Norske Teatret med "Lunsj og lyrikk". Tema er Jan-Magnus Bruheim.

Foto: Sigrun Eide



Diktarstigen



Les meir her


Jubileumsåret 2014



Les meir her




Postkort



Les meir her


Sigrid Moldestad med Bruheim-CD



Les meir her


Våre samarbeidspartnere:





Kontakt oss her:
Epost: post@janmagnusbruheim.no
Alt innhald på desse sidene er kopibeskytta materiale. Kopiering av innhald frå desse websidene er ikkje tillete utan samtykkje frå eigar.   Følg oss på Facebook!
Design: kramsnog.no