Konsert i Botnane med Sigrid Moldestad og band
LAURDAG 14. JUNI
Det vart ein FANTASTISK konsert i Botnane med Sigrid Moldestad, Morten Skage, Sigbjørn Apeland, Kåre Opheim og Roald Kaldestad.
Den vesle bygda Botnane, med Botnane og Årebrot grendalag i spissen, hadde lagt alt til rette med scene, lyd, god servering, fint vêr og sitjeplassar til fire hundre personar. Her skal du få ein liten "smakebit" med eit amatøropptak av songen "Haustkveld ved havet". Folk kosa seg i finvêret og det var topp stemning.
Konserten var rett utanfor skulehuset som Jan-Magnus Bruheim budde i frå desember 1978 til november 1985. Han gav ut 11 bøker mens han budde her. Han vart "Bruheimen" for alle i bygda. Skulehuset frå 1926 er no grendahus.
Firdaposten var til stades under konserten. Dette skriv dei om konserten: Damene til Bruheimen