Jan-Magnus Bruheim 2014


"Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld,
og kvar gong er det like spanande å opne ho."


Jan-Magnus Bruheim
Spegelbrot. 1990, s. 51


 




Hovudsponsor:



Vellukka opning av Diktarstigen


Sundag 4. august kl. 13.00 var det opning av Diktarstigen på Billingen. Vi var 150 personar til stades.

På bilete under ser du Olemic Thommessen opne Diktarstigen.

Mykje folk på opninga

Foto: Ingrid Eide Lindsheim

Diktarstigen går langs med den mektige elva Tora

Ordførar Rolv Kristen Øygard ynskte velkomen og Olemic Thommessen opna Diktarstigen ved å seie nokre ord og ved å gå stigen. Stigen går langs den mektige og brusande elva Tora. Vi valde difor å ha resten av underhaldninga på Nørdre Prestgardsetra kor familien Arnestuen/Bårdseng held til. Setra ligg fantastisk til med utsikt over setergrenda Billingen og fine fjell som bakteppe.

Billingen Setereigarlag tok varmt imot oss og stilte med både seterkve og servering av mat og drikke med tradisjon frå Skjåk. Programleiar Rolv Kristen Øygard losa dei 150 frammøtte gjennom eit flott og variert program. Olemic Thommessen opna programmet og tok utgangspunkt i det å gå frå botnen opp i høgda, bli løfta og få utsyn. Inge Eidsvåg hadde eit flott kåseri, der han mellom anna snakka om Jan-Magnus Bruheim og naturen. Mari Eide Lindsheim song og spelte på gitar ein sjølvkomponert melodi. Synne Stensgård Fjerdingren og Rikard Skjelkvåle spelte fele. Synne imponerte òg med å lese barnediktet "Nypoteta" med stor innleving, det er nok ikkje siste gongen vi høyrer Synne lese dette diktet. Både Magnhild Bruheim og Hildegunn Solberg Nes las dikt, vi kjem nok til å høyre meir frå desse damene òg. Vi er godt nøgde med opninga og håpar mange finn vegen til Diktarstigen, den er ei flott oppleving.


Bilete frå opninga av Diktarstigen






Opning av diktarstigen


Sundag 4. august kl. 13.00 vert det opning av Diktarstigen på Billingen.
Sjå plakaten her





Diktarstigen



Les meir her


Jubileumsåret 2014



Les meir her




Vennelaget



Les meir her


Sigrid Moldestad med Bruheim-cd



Les meir her


Våre samarbeidspartnere:





Kontakt oss her:
Epost: post@janmagnusbruheim.no
Alt innhald på desse sidene er kopibeskytta materiale. Kopiering av innhald frå desse websidene er ikkje tillete utan samtykkje frå eigar.   Følg oss på Facebook!
Design: kramsnog.no