Juni -14
Radioprogram om Jan-Magnus Bruheim

NRK Hedmark og Oppland
I samband med 100-års jubileet for Jan-Magnus Bruheim i 2014, vil NRK Hedmark og Oppland setje søkjelys på diktinga til JMB og jubileumsåret. Det er laga 15 program med intervju, diktlesing og musikk. P1 og P2 kjem også til å sende serien. Vi hadde besøk av Stein S. Eide tidlegare i vår, der han gjorde ei rekkje intervju og opptak av folk som kjende JMB både som lærar og privatperson. Han har intervjua folk som kjenner JMB på kvar sine vis: Sigrid Moldestad, Alma Høgvoll, Ingeborg Randen, Stein Grjotheim, Ola Skrinde, Else Hove Hyrve, Rolv Kristen Øygard, Rasmus Stauri, Sigrun Eide og Runa Aurmo.
Karusellgruppa ved Skjåk kulturskule, Synne Stensgård Fjerdingren og elevar i 9. klasse ved Skjåk ungdomsskule har vore i studio hjå Stein Arne Melby og spelt inn både song, musikk og diktlesing. Desse opptaka skal vere med i serien saman med diktlesing av Jan-Magnus sjølv, Magnhild Bruheim og sjølvsagt musikk frå den kritikarroste cd-en til Sigrid Moldestad med tonesette Bruheim-dikt. Programma blir sendt både i morgon- og ettermiddagsendingane.
Fekk du ikkje med deg programmet i dag, kan du gå inn på nettsidene til NRK og klikke på linken: "4. Jan-Magnus Bruheim. Hvem var han?"