Jan-Magnus Bruheim 2014


"Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld,
og kvar gong er det like spanande å opne ho."


Jan-Magnus Bruheim
Spegelbrot. 1990, s. 51




Kjøp bok og cd

her:

Sal av postkort




Høyr:
Dikt med tonar av Sigrid Moldestad
 




Hovudsponsor:


Mai -14

Velkomen til Skjåk folkebibliotek laurdag 24. mai kl 13

Plakat for arrangement på Skjåk folkebibliotekOve Eide, Ivar Teigum og Magni Øvrebotten skal halde kvart sitt foredrag om Jan-Magnus. Ove Eide er redaktør av "Dikt i utval" som kom ut i februar 2014. Magni og Ivar har saman med Ove skrive kvar sin artikkel i boka.
Det blir også song og musikk av elevar i 9. klasse ved Skjåk ungdomsskule.

Gratis inngang!

Premieutdeling

Kl 14.30 er det premieutdeling i samband med tekstkonkurransen vi har hatt for ungdom i Skjåk, Lom og Vågå.

Juryen har hatt eit omfattande arbeid med å lese gjennom alle dei 102 bidraga som kom inn. Ungdommen får mykje skryt for alle dei gode tekstene, og om ein av vinnarane skriv juryen:

Juryen meiner denne teksta syner at forfattaren er på god veg når det gjeld å utvikle skrivetalentet sitt. Ho har eit godt skrivegrep og komposisjonen hennar held lesaren fast gjennom heile teksta. Ho greier å halde på metaforbruken gjennom heile teksta, og ho rundar av slik at mykje fell på plass for lesaren
.


Men kven er så vinnarane? Kom på "Ståk i Skjåk"! Premieutdelinga vil gå føre seg frå scena på marknadsplassen. Hovudsponsoren SpareBank 1 Lom og Skjåk vil dele ut pengepremiar på til saman
kr 10 000,-. Vi har også fått fleire bokpremiar frå Samlaget og Aschehoug som skal delast ut.

Les meir om tekstkonkurransen her.



Marknadsplassen på Ståk i Skjåk

Bruheim-nemnda har eigen bod kor vi skal ha sal av Dikt i utval, cd-en til Sigrid Moldestad, berenett og postkort.


___________________________________________________________________________________




Diktarstigen



Les meir her


Jubileumsåret 2014



Les meir her




Sigrid Moldestad med Bruheim-cd



Les meir her


Våre samarbeidspartnere:





Kontakt oss her:
Epost: post@janmagnusbruheim.no
Nettredaktør: Sigrun Eide. Tlf: 415 04 309
Alt innhald på desse sidene er kopibeskytta materiale. Kopiering av innhald frå desse websidene er ikkje tillete utan samtykkje frå eigar.   Følg oss på Facebook!
Design: kramsnog.no