Jan-Magnus Bruheim 2014


"Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld,
og kvar gong er det like spanande å opne ho."


Jan-Magnus Bruheim
Spegelbrot. 1990, s. 51




Kjøp bok og cd

her:






Høyr:
Dikt med tonar av Sigrid Moldestad
 




Hovudsponsor:



Desember
-14

Julegåvetips - ei av årets bestseljande diktsamlingar

Dikt i utval av Jan-Magnus Bruheim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 






 

Dikt i utval av Jan-Magnus Bruheim kr 349,-

Forfattar: Jan-Magnus Bruheim
Redaktør: Ove Eide

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) frå Skjåk i Gudbrandsdalen debuterte i 1941 med diktsamlinga "Stengd dør." Han gav ut 45 bøker, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Dette utvalet innheld dikt frå alle lyrikksamlingane, i tillegg til eit utval av barnedikta.

Les om boka i GD: Er framleis veldig aktuell

Her kan du bestille boka: bestillingsinformasjon





________________________________________________________________________

Desember
-14

Velkomen til førjulskonsert i Nordberg kyrkje med "Rimrose"

Konsert med "Rimrose"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 






 

DIKT AV BRUHEIM, ØRJASÆTER, JONSSON, AUKRUST, ØYGARD OG VIGERUST

Førjulsro og vinterstemning står i høgsete når musikarane bak prosjektet «Rimrose» slår seg i lag for å skape musikk på tvers av kommunegrensene i Norddalen. Med dikt av Ørjasæter, Øygard, Bruheim, Jonsson, Vigerust og  Aukrust, kombinert med ny musikk, er det duka for eit spennande møte mellom gammalt og nytt. Diktarane skildrar naturen, menneska og samtida på gudbrandsdalsk vis, og eit utval av desse vakre dikta er tekstgrunnlaget for prosjektet «Rimrose». I prosjektet finn vi fire særs aktive musikarar frå Norddalen: felespelar Aslak Brimi (Lom), songar Hildegunn Hovde (Vågå), gitarist og songar Ole Jonny Bekkemellem (Sel), og Geir Thorud (Vågå/Sel) på kontrabass og trekkspel. Saman har dei ei unik samansetjing av musikalsk kompetanse innan folkemusikk, klassisk musikk, samtidsmusikk, folkrock og country. Dei møtes i interessa for lokal lyrikk, tradisjonsmusikk, musikalsk skapertrang, og ynskje om å formidle dette.
Musikken er spelt inn på plate, denne kjem ut i samband med turnèen no i desember.

"Rimrose" er ein stemninsfull julekonsert der latter og ettertanke går hand i hand. Musikarane bind musikken saman med små tekster om jul, vinter, einsemd, håp og kvardaglsiv.

Velkomen til:

Nordberg kyrkje
Sundag 7. desember kl 19
Pris kr 200,-, barn under 16 år kr 100,-.

_____________________________________________________________________________

November
-14

Velkomen til kulturkveld i Marlo grendehus i Skjåk 15/11-14

Snigla

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

UTDELING AV SKJÅKPRIS OG KULTURSTIPEND - SONG, MUSIKK OG DIKTLESING

I år er det Bruheim-nemnda som saman med Skjåk kommune har ansvaret for den årelege kulturkvelden i Skjåk.
Vi er stolte av å presentere ein flott gjeng med artistar som skal bidra med song, musikk og diktlesing. Mange av innslaga har diktinga til Jan-Magnus Bruheim i seg.

PROGRAM

- Song v/Camilla Granlien
- Endre Skjåk, Reidar Svare, Ole Foss, Lars Bakke og Camilla Granlien med Bruheim-program for barn og vaksne
- Musikk/song: Bård Ove Kvalheim Fransson m/band
- Song: Svein Brennhaug
- Dikt: Evelyn og Elida Hyrve
- Dikt: Even Lusæter
- Guro Grimstad
- Emma Høsteng-Haugen
- Dikt: Ingeborg Randen
- Utdeling av Skjåkpris v/ordførar Rolv Kristen Øygard
- Utdeling av kulturstipend v/ordførar Rolv Kristen Øygard
- Song: Team Skjåk

Programleiarar: Magnhild Bruheim og Synne Stensgård

Servering v/foreldre i 8. klasse ved Skjåk ungdomsskule

Gratis inngang!

Sal av:
- Dikt i utval av Jan-Magnus Bruheim kr 350,-
- Cd-en til Sigrid Moldestad, "Brevet til kjærleiken", med tonesette Bruheimdikt kr 190,-
- Berenett med Bruheimsitat kr 50,-
- Postkort med Bruheimdikt kr 35,-
___________________________________________________________________________



November
-14

Premiere på musikalsk famileforestilling med barnedikt av Bruheim

I veke 46 skal Endre Skjåk, Reidar Svare, Ole Foss, Lars Bakke og Camilla Granlien ha premiere på ei splitter ny musikalsk familieforestiling. I fyrste omgang skal dei besøkje Skjåk, Lom, Vågå og Otta. Det blir full forestilling i Marlo grendehus, torsdag 13. november kl 18. Du kan også få med deg ein liten smakebit av forestillinga på kulturkvelden i Skjåk, laurdag 15. november kl 19.

Snigla

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jotunheimen underholdning

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Gruppa bak Diktarplager og Nordalsnissane er attende med ei ny forestilling!
Frå venstre: Reidar Svare, Ole Foss, Lars Bakke og Endre Skjåk i front.
Foto: Kristbjørn Rossehaug

 

 

 


"SNIGLA SOM SYKLA - OG ANDRE BARNERIM AV JAN-MAGNUS BRUHEIM"

- ei musikalsk familieforestilling

Snigla som syklaEin diktar slit med å få ferdig ei ny bok . Han har mista fantasien sin og klarar ikkje lengre å rime! Plutseleg kjem boka han jobbar med til liv og han får besøk av ei jente han har skrive inn i boka. Ho vil hjelpe han å finne dei rette rima. Det er lett seier ho! Det er berre å finne attende til fantasien og finne dei rette dyra. Etterkvart finn dyra og rima fram til diktaren ein etter ein - så får vi sjå om det blir ei heil bok etter kvart.

Kom og møt ein kveks som vil ta bussen, ein hjort som vil bli rein, ei fluge som berre tenkjer på kor vakker ho er, ei åme som vil ut i verda, ein hare som skryt at han kan lyfte eit fjell, ein sommerfugl som ser ut som ein blome, ein hest og ei mus som er vener, ei snegle som kan sykle og ei høne som seier ho har lagt verdas største egg og..... kanskje enno fleir?

- Kvifor er dyra redde for oss?
- Og kvifor finn ikkje dei vaksne vegen inn i fantasien?Ei musikalsk framsyning på i underkant av ein time for born på om lag 5-10 år og vaksne i alle aldre.

Illustrasjon: Bjørn Krey


Medverkande:
Lars Bakke, Camilla Granlien, Ole Foss, Kenneth M. Lewis, Endre Skjåk, Reidar Svare
Camilla GranlienProdusent: Jotunheimen Underholdning
Tekstgrunnlag: Jan-Magnus Bruheim
Manus, regi og scenografi: Endre Skjåk
Musikk: Lars Bakke/Endre Skjåk
Musikkprodusent/lydteknikk: Kenneth M. Lewis
Musikalske arrangement: v/samtlige medverkande musikarar
Lysdesign/lysteknikk: Kai Rune Melby
Illustrasjonar: Bjørn Krey
Kulisser: Kristin Giske
Grafisk design: Løwehjerte design v/Morten Løwe

Inngang kr 220,-
Barn under 18 år kr 120,-


Camilla Granlien. Foto: BeckBack

 

Ei turnéoversikt

 Onsdag 12. nov. kl. 18:00 i Utgard, Lom

Torsdag 13. nov. kl 18:00 i Marlo, Skjåk - førehandssal på Skjåk folkebibliotek

Fredag 14. nov. kl 18:00 i Otta kulturhus

Laurdag 15. nov kl 19:00 - smakebit frå framsyninga på kulturkvelden i Marlo, Skjåk

Sundag 16. nov. kl 14:00 i Vågå kulturhus


___________________________________________________________________________





Oktober
-14

Nynorske litteraturdagar i Aurland 31/10 - 2/11

Ove EideVisdomsord i diktform

På litteraturdagane kan du høyre Ove lese dikt av Jan-Magnus Bruheim i eit musikalsk samspel med tre ungdomar, Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland (vokal), Eirik Ask frå Svelgen (tangentar) og Lauritz Skeidsvolls frå Kleive i Møre og Romsdal (saksofonar).

Ove Eide er redaktør av Dikt i utval 2014 av Jan- Magnus Bruheim, til dagleg jobbar han som norsklektor ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han måtte pent lese gjennom alle diktsamlingane til Bruheim frå 1941 og fram til lyrikaren gjekk bort i 1988 før han kunne gje seg i kast med den spennande og utfordrande ferda det vart å plukke ut dei 250 dikta som er med i boka.

– Jan-Magnus Bruheim er ei av søylene i nynorsklyrikken, og dette er ein måte å lyfte han fram att på. Bruheim skriv på ein måte som gjer at han framleis er veldig aktuell. Dette er visdomsord i diktform, seier Ove Eide.

Arrangementet går i Fretheimssalen på Fretheim hotell laurdag kl 22:00.

Fredag 31/10 kan du m.a møte forfattarane Magnhild Bruheim frå Skjåk og Ragnhild Kolden frå Lom. Begge kom ut med ny bok no i haust.

Les meir om: Nynorske litteraturdagar i Aurland.


___________________________________________________________________________



Oktober
-14

"Med beina i bygda og blikket mot verda"

Onsdag 29. oktober kl 19 skal Magnhild Bruheim halde eit foredrag på Høgskulen i Lillehammer. Ho har kalla foredraget: "Med beina i bygda og blikket mot verda. Jan-Magnus Bruheim 100 år." Arrangementet er i samband med eit lokalhistorisk seminar ved høgskulen.


Magnhild Bruheim

Magnhild er fødd og oppvaksen i Skjåk og ho er niesa til Jan-Magnus Bruheim. I dag bur ho på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Ho har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom. I tillegg har ho gjeve ut ein historisk roman, «Trolldomskraft» og ein oppvekstroman, «Det som ein gong var». Her kan du lese meir om Magnhild Bruheim.


____________________________________________________________________________


Oktober
-14

"Gjev meg ei stund med stille"

Kirsti Maanum og Tore Jørgen Rødølen

Torsdag 16. oktober kl 19 på Skjåk folkebibliotek: Kirsti Maanum og Tore Jørgen Rødølen har laga eit program dei har kalla "Gjev meg ei stund med stille". Her får lyrikken til Jan-Magnus Bruheim fint fylgje av folkemusikk, folketonar og klassisk musikk med cello, nyckelharpa og feler.



Kirsti Maanum m/Bruheimprogram


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

____________________________________________________________________

Oktober -14

Gull til Hilde Eskild og sølv til Even Lusæter i NM i litteraturformidling

Dei frammøtte fekk fleire store formidlingsaugeblikk under NM i litteraturformidling 2014. Den som nådde aller høgast opp hjå juryen var Hilde Eskild som er forteljar, forfattar og lærar frå Lillesand. Vinnaren fekk i tillegg til gullmedaljen, ein plakett laga i sølv med diktsamlingar av Jan-Magnus Bruheim som sokkel.

Even Lusæter frå Vågå fekk sølvmedalje og Bjørg Øygarden frå Arendal fekk bronsemedalje. Even vann også publikum sine hjarta og fekk publikumsprisen. Eit dikt av Jan-Magnus Bruheim var obligatorisk tekst for alle deltakarane i fyrste del av konkurransen.

Les meir på nettsida til: NM i litteraturformidling

Her er ein liten videosnutt frå YouTube. Even Lusæter les diktet "Den annsame" av Jan-Magnus Bruheim.

 

 


 


Les også:


Okt -14 "Lunsj og Lyrikk" på Det Norske Teatret med Bruheimprogram
Aug -14 Diktet "Den annsame" i NM
Aug -14 Ei musikalsk historie om rasisme og mobbing av gruppa Tindra
Aug -14 Nytt postkort med diktet "Haustkveld ved havet" av Jan-Magnus Bruheim
Aug -14 Konsert med Sigrid Moldestad og band i Skjåk kyrkje
Aug -14 "Den annsame" i NM
Juli -14

Radioprogramserien om Jan-Magnus Bruheim Vi anbefaler å opne denne sida i nettlesaren Internett Explorer for best resultat

Juni -14 Grunnlova mellomlandar i Skjåk
Juni -14 Konsert med Sigrid Moldestad i Botnane - video
Juni -14 Radioprogram om Jan-Magnus Bruheim
Juni -14 Her er vinnarane av skrivekonkurransen
Mai -14 Velkomen til Skjåk folkebibliotek og Ståk i Skjåk
Apr -14 Huslydkveld i Øygard skule
Apr -14 NRK arkiv-opptak frå 1964
Mars -14 Høyr Jan-Magnus skildrar Skjåkbygda
Mars -14 Høyr Sigrid Moldestad og "Haustkveld ved havet"
Mars -14 Tenk Jan-Magnus og eg på VG-lista
Mars -14 Terningkast 6 for Sigrid Moldestad i "Norsk på Norsk"
Mars -14 Medieomtale
Mars -14 Ove Eide og Magni Øvrebotten på Gloppen folkebibliotek
Feb. -14 Konsert i Midtgulen kyrkje
Feb. -14 Festforestillinga i Marlo
Feb. -14 Her kan du bestille bok og cd
Feb. -14 Sigrid Moldestad - eit intervju
Feb. -14 Hildegunn Solberg Nes - eit intervju
Feb. -14 Pressekonferanse og festforestilling
Jan. -14 Skrivekonkurranse for elevar i u-skulen og vgs i Skjåk, Lom og Vågå
Des. -13 Berenett med sitat av Jan-Magnus Bruheim
Des. -13 Ny Dikt i utval
Nov. -13 Postkort og berenett med dikt av Jan-Magnus Bruheim
Sept. -13 Inspirasjonskveld. "Fyrverkeriet frå Ellingsøya"
Aug. -13 Opning av Diktarstigen





Diktarstigen



Les meir her


Jubileumsåret 2014



Les meir her




Sigrid Moldestad med Bruheim-cd



Les meir her


Våre samarbeidspartnere:





Kontakt oss her:
Epost: post@janmagnusbruheim.no
Nettredaktør: Sigrun Eide. Tlf: 415 04 309
Alt innhald på desse sidene er kopibeskytta materiale. Kopiering av innhald frå desse websidene er ikkje tillete utan samtykkje frå eigar.   Følg oss på Facebook!
Design: kramsnog.no