Jan-Magnus Bruheim

lyrikar og forfattar frå Skjåk

Få smakebitar på dikt

Siste nytt frå Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Årsmelding

Årsmøtet i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim gjekk føre seg 4/9-17 på Billingen Seterpensjonat i Skjåk.

Styret

  • Leiar: Sigrun Eide
  • Skrivar: Sigrun Eide
  • Styremedlem: Rolv Kristen Øygard
  • Styremedlem: Ingvill Høgvoll
  • Styremedlem: Magni Øvrebotten
  • Styremedlem: Else Hove Hyrve
  • Kasserar: Ingulf Brandsarbakken
  • Vara: Tora Eiterjord
  • Vara: Magnhild Bruheim
  • Valkomite: Sevald Sperstad
  • Valkomite: Ingeborg Randen
  • Valkomite: Mari Brenna

Sigrun Eide tok attval som leiar, Mari Brenna er ny i valkomiteen.

 

Her er årsmeldinga for 2016

Vedtekter for Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Saklista for årsmøte

  • Velkomen til vårt fyrste årsmøte
  • Val av møteleiar, skrivar og to representantar til å signere protokollen/referatet
  • Godkjenning av møteinnkalling og dagsorden for møtet
  • Årsmelding
  • Rekneskap/budsjett v/Ingulf og Sigrun
  • Aktivitetsplan Diktardagar 2018 v/Magnhild
  • Val av styremedlemmar og valkomite v/Ingvill
  • Eventuelt
    – Barnebok med dikt av Jan-Magnus Bruheim
    – Kasseraren inn i styret

 

Innkalling til årsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Til gamle og nye venner av Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Har du ei sak du ynskjer å ha med? Meld frå til styret: mailto:post@janmagnusbruheim.no innan 26. august.

Forslag til sakliste
  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokoll
  3. Årsmelding
  4. Rekneskap og budsjett
  5. Aktivitetsplan
  6. Eventuelt

Ei fullstendig sakliste blir publisert her ei veke før møtet.

Velkomen til årsmøte på Billingen Seterpensjonat i Skjåk måndag 4. september kl 19.30

Enkel servering

Helsing frå styret
Sigrun Eide, Ingvill Høgvoll, Rolv Kristen Øygard, Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten, Magnhild Bruheim og Tora Eiterjord

 

Opninga av Diktarstien i Botnane er utsett eitt år – til 18.8.18

Opninga av Diktarstien i Botnane er utsett eitt år – til 18.8.18

Vi ynskjer å gjere skikkeleg arbeid og ha alt ferdig til opninga. Då treng vi både meir tid og pengar, seier prosjektleiar for Diktarstien i Botnane, Magni Øvrebotten.

Skissa for Diktarstien kan du sjå her:

Skjåk
I 2014 opna vi Diktarstigen i Skjåk, den går langs den mektige og brusande elva Tora ved Billingen setergrend. Stigen på 0,6 km har 9 tavler med dikt og sitat av Bruheim. Den er veldig flittig brukt. «Når» du kjem til Skjåk i sommar, så må du ta deg ein tur hit.

Sigrid Moldestad med ny Bruheim-song

Sigrid Moldestad med ny Bruheim-song

Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og Sver

Sigrid Moldestad lanserer 23. februar ein ny song med tekst av Jan-Magnus Bruheim, som ho har tonesett. Med seg på singelen har ho Aasmund Nordstoga og folkemusikkgruppa Sver. “Det var du” heiter songen, som byggjer på diktet “Den bergtekne”. Dette er ein song som ikkje var heilt ferdig til Sigrid Moldestad gav ut CD-en “Brevet til kjærleiken” for tre år sidan, i høve 100-årsjubileet for Bruheim 15. 02.2014.

NRK Sogn og Fjordane intervjua Moldestad og spelte songen for fyrste gong fredag 17.februar. Høyr her:

.

Diktet "Den bergtekne" av Jan-Magnus Bruheim

 

Invitasjon til stiftingsmøte

Til alle i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Du er invitert til stiftingsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Møtet skal gå føre seg i Utgard, Lundagrende, Skjåk (hjå Mari Brenna) fredag 6. mai kl 18.

Program

  • Opning ved Rolf Kristen Øygard
  • Oppsummering av jubileet ved Magnhild Bruheim
  • Status ny barnebok med dikt
  • Diktlesing ved Endre Skjåk
  • Stifting av styre (val av styre, forslag til vedtekter, arbeidet vidare)
  • Servering

Send inn forslag til styremedlemmar

Send gjerne forslag på personar som er viljug til å stille til val for styret i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim før 18. april til denne e-postadressa: post@janmagnusbruheim.no

Velkomen!

 

Innbydinga er eit initiativ frå jubileumsnemnda

Sigrun Eide, Magnhild Bruheim, Rolf Kristen Øygard,
Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten og Torgeir Ødegård

Førjulstilbod på Dikt i utval

bokomslagÅrets julegåve? Dikt i utval (2014)
No kan du kjøpe boka for kun kr 250,- . Ordinær pris er kr 349,-.
(Rabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar). Porto kjem i tillegg

Tilbodet gjeld når du handlar direkte frå denne nettsida, eller hjå Skjåk folkebibliotek.

 

Bruk bestillingsskjemaet under
Tilbodet gjeld t.o.m. 9. desember 2015.

Vi sel også postkort og berenett med Bruheim-sitat.

Hugs å skrive inn adressa di i skjemaet.

Skriv bestillinga di i skjemaet under for å bestille dei produkta du ynskjer


Kontakt vennelaget