Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Vennelaget

I samband med jubileet i 2014 starta vi eit vennelag for Jan-Magnus. Laget skal vere med å halde oppe interessa for diktinga og skapa kontakt med andre venner av forfattaren.

Vennelaget er organisert gjennom denne nettsida.

For å bli ein del av vennelaget, kan du melde deg inn ved å betale ein sum til Vennelagskontoen.

Vennelagspengane har vore brukt til å dekkje utgiftene i samband med  arrangement og tiltak i jubileumsåret. Neste prosjekt er å gje ut ei bok med barnedikt av Jan-Magnus.

Når du først er medlem, gjeld det for alle år framover, det blir ikkje snakk om årlege medlemspengar.

Vi tenkjer at folk kan betale alt frå 100 til 1000 kroner, eller kva du måtte ønskje.

For å bli medlem: Betal ein sum til kontonr. 2085 27 48444.

Merk innbetalinga med prosjekt 524, namn, postadresse og e-postadresse (om du har).

 

Back to top