Jan-Magnus Bruheim 2014


"Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld,
og kvar gong er det like spanande å opne ho."


Jan-Magnus Bruheim
Spegelbrot. 1990, s. 51




Kjøp bok og cd

her:

Sal av postkort




Høyr:
Dikt med tonar av Sigrid Moldestad
 




Hovudsponsor:

Juni- 14

Her er vinnarane av skrivekonkurransen

I samband med jubileet for Jan-Magnus Bruheim, gjekk Bruheim-nemnda og SpareBank 1 Lom og Skjåk saman om ein skrivekonkurranse for ungdom i Skjåk, Lom og Vågå.

Vinnarane vart kunngjort under det årlege arrangementet "Ståk i Skjåk". Vi tok bilete av dei som var til stades. Det kom inn 102 bidrag, juryen har difor hatt eit omfattande og interessant arbeid med å gå gjennom alle tekstene. Det var stor einigheit om at det kom inn mange gode tekster. Pengepremiane er frå SpareBank 1 Lom og Skjåk og bokpremiane er frå Ascehoug og Samlaget.

Vidaregåande

1. premie kr 3 500,- Idunn Maria Brosset
2. premie kr 1 000,- Lisell Øyjordet
3. premie kr 500,- Geir Falling

Ungdomsskulen

1. premie kr 3 500,- Espen Barlund Nicolaisen
2. premie kr 1 000,- Vilde Helstad
3. premie kr 500,- Eirunn Småland Oppheim
Ekstrapremie kr 300,- Syver Jevnheim


Vinnar Idunn Brosset
1. premie
Idunn Maria Brosset – Dropen

Lom vgs

Juryen meiner denne teksta syner at forfattaren er på god veg når det gjeld å utvikle skrivetalentet sitt. Ho har eit godt skrivegrep og komposisjonen hennar held lesaren fast gjennom heile teksta. Ho greier å halde på metaforbruken gjennom heile teksta, og ho rundar av slik at mykje fell på plass for lesaren.





2. premie
Lisell Øyjordet – Da skulle eg bryte horisonten

Lom vgs

Juryen merkar seg at forfattaren tek opp eit allmennmenneskeleg og viktig tema i denne teksta, og at ho har eit godt driv i framstillinga. Språket er godt, og består av gode ord og variasjon. Parallelliteten i teksta fungerer godt, samstundes som det er spennande metaforbruk.



Vinnar Geir Falling

3. premie
Geir Falling – utan tittel
Lom vgs

Juryen meiner at forfattaren har skrive eit dikt med ein god og synleg moral som er attkjenneleg for både ungdom og vaksne. Det ligg på denne måten ein konstruktiv ide bak diktet. Forfattaren har også eit godt grep på bruken av verkemiddel slik at diktet flyt lett og godt













Vinnar Espen Barlund Nicolaisen
1. premie
Espen Barlund Nicolaisen – Tapt anrop
8. klasse Lom

Blant tekstane i skrivekonkurransen meiner juryen at denne krimnovella skil seg ut og syner eit godt skrivearbeid. Forfattaren har konstruert eit velfungerande plott, noko som er viktig i krim. I denne krimnovella ligg løysinga i detaljane, samstundes som forfattaren meir diskret antyder dramatikken i staden for å overmåle. Lesaren vassar ikkje i blod trass i at det skjer drap. Motivet er henta frå lokalsamfunnet vårt og forfattaren har eit personleg grep på forma han skriv i . Dette syner juryen at han er godt inne i sjargongen i kulturen han skildrar, og på denne måten veit kva han skriv om.


2. premie
Vilde Helstad – I framtida vil eg

10. klasse Lom

Juryen meiner at forfattaren dveler fint ved det å ikkje miste evna til å ha ein draum. Diktet syner ungdommeleg tankeflog som forfattaren greier å lande på ein overtydande måte. Forfattaren set ord på tankar ungdommen har, ho er på ein måte både barn og vaksen på ein gong. Diktet er godt bygd opp, det har god rytme, språket glir lett og verkemidla er nytta slik at det framhevar temaet.


Vinnar Eirunn Smaaland Oppheim

3. premie
Eirunn Smaaland Oppheim – utan tittel

10. klasse Skjåk

Juryen fell fyrst og fremst for den siste strofa i diktet, denne strofa er på mange måtar eit dikt i seg sjølv. Orda, samanhengen og komposisjonen i denne strofa er framifrå skrivearbeid. Det er ein dobbelt botn i diktet, forfattaren skildrar eit motiv mange unge vil kjenne seg att i. Juryen meiner dette er ein viktig tematikk som er ærleg framstilt.


Vinnar Syver Jevnheim

Ekstrapremie
Syver Jevnheim – Mopeden min

9. klasse Skjåk

Juryen vart sjarmert av dette diktet, og greidde ikkje å legge det frå seg. Diktet skil seg ut frå dei andre tekstane juryen har vurdert. Det er kort og har ord som er enkle. Det har ein banalitet ved seg, men er likevel komponert slik at det får ein dobbelt botn. Det syner at forfattaren har innsikt i ungdomslivet, og at ikkje alt gjennom desse åra skjer på ein slik måte at det er synleg for kven som helst. Samstundes syner det at forfattaren har kunnskap om dialektuttrykk som kanskje ikkje er daglegdagse for ungdommar i dag. Uttrykket "bak ei nov" er viktig og bygger opp nettopp dobbeltbotnen i diktet.





Utdeling av premiar ved Torgeir og Kristin
Utdeling av premiane

Kristin Nygård Lonbakken frå SpareBank 1 Lom og Skjåk og Torgeir Ødegård frå Bruheim-nemda hadde gleda av å dele ut premiane.












Bokpremiar


Mariell Brukveen Øygard - 9. klasse Lom
Maje Kjosbakken - 10. klasse Skjåk
Syver Berg - 8. klasse Vågå
Mari Eide Lindsheim - 9. klasse Skjåk
Tora Slettom - 9. klasse Lom
Ida Eiesar - 8. klasse Skjåk
Julie Garmo - 8. klasse Lom
Lisbet Mona Mæhlum - 10. klasse Skjåk




Tusen takk til juryen som har gjort ein fantastisk jobb!
Juryen besto av Torgeir Ødegård, Sevald Sperstad, Kari Anne Skjaak, Ragnhild Kolden, Rasmus Stauri og Mathias Øvsteng.


Arrangement på Skjåk folkebibliotek


Tidlegare på dagen hadde Bruheim-nemda og Skjåk folkebibliotek eit arrangement på biblioteket. Vi inviterte Ove Eide, Ivar Teigum og Magni Øvrebotten til å halde kvart sitt foredrag. Elevar frå 9. klasse ved Skjåk ungdomsskule var med og bidrog med song og musikk. Det vart ei triveleg stund på biblioteket for dei 60 frammøtte.

Redaktør Ove Eide

Ove Eide

Redaktør av Dikt i utval, med foredraget "Einsemd, lengt og fellsesskap". Ove las også fleire dikt.










Ivar Teigum


Ivar Teigum
Artikkelforfattar i Dikt i utval, her med foredraget "Diktar i Ottadalen"











Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten
Artikkelforfattar i Dikt i utval, her med foredraget "Bruheim og Botnane" om Jan-Magnus sine sju år i Sunnfjord.



















Song og musikk ved Live, Margit og Sofie

Live Hove Rikheim, Margit Kvalheim og Sofie De Presno


Live, Margit og Sofie framførte diktet "Rimet" av JMB, dei song og brukte rytmeinstrument.



 



Song og musikk ved Mari og Maria

Mari Eide Lindsheim og Maria Gustavsen Rakstad

Mari og Maria framførte diktet "Vegvill" av JMB, Mari song og spelte gitar og Maria spelte på xylofon.














Les også:


Mars -14 Medieomtale
Mars -14 Ove Eide og Magni Øvrebotten på Gloppen folkebibliotek
Feb. -14 Konsert i Midtgulen kyrkje
Feb. -14 Festforestillinga i Marlo
Feb. -14 Her kan du bestille bok og cd
Feb. -14 Sigrid Moldestad - eit intervju
Feb. -14 Hildegunn Solberg Nes - eit intervju
Feb. -14 Pressekonferanse og festforestilling
Jan. -14 Skrivekonkurranse for elevar i u-skulen og vgs i Skjåk, Lom og Vågå
Des. -13 Berenett med sitat av Jan-Magnus Bruheim
Des. -13 Ny Dikt i utval
Nov. -13 Postkort og berenett med dikt av Jan-Magnus Bruheim
Sept. -13 Inspirasjonskveld. "Fyrverkeriet frå Ellingsøya"
Aug. -13 Opning av Diktarstigen





Diktarstigen



Les meir her


Jubileumsåret 2014



Les meir her




Sigrid Moldestad med Bruheim-cd



Les meir her


Våre samarbeidspartnere:





Kontakt oss her:
Epost: post@janmagnusbruheim.no
Nettredaktør: Sigrun Eide. Tlf: 415 04 309
Alt innhald på desse sidene er kopibeskytta materiale. Kopiering av innhald frå desse websidene er ikkje tillete utan samtykkje frå eigar.   Følg oss på Facebook!
Design: kramsnog.no