|
- Det har vore eit eventyr frå ende til annan den mottakinga «Brevet til kjærleiken» har fått, både som CD og konsert. Det har vore overveldande og sterkt for meg! Sterkt, fordi det er noko som ein har jobba intenst med så lenge og det blir difor ekstra kjekt at det treffer mange slik det har gjort! Tenk, Jan-Magnus og eg på VG-lista, seier Sigrid Moldestad etter ni konsertar med dikta til Jan-Magnus Bruheim.
- Platemeldarane har vore så unisont positive, så eg vert nesten blyg. Men det har vore utrulig fint å lese dei eg har lese. Interessant kva dei høyrer og finn i musikk og ord.
- Kva med konsertane?
- Konsertane har vore ei oppleving. Ikkje berre møte mellom scene og sal, men også det fantastiske bandet eg har reist med. Glimrande musikarar som har lagt sjel og kraft i kvar ein tone. Eg har kjent meg utrulig priviligert som får oppleve ein slik suksess. Musikken lever vidare på konsertar. Ingen dagar er like, ingen konsertar blir som dagen før. Det er det som er drivkrafta i det ein driv med. Dette "øyeblikket" som konsertar og forestillingar er.
- Fulle hus i Skjåk, Bremanger, Selje, Sandane, Sogndal, Førde, Bergen, Øystese og Oslo?
- Ja... det er ikkje anna enn å takk og bukke dei som kom.
|
|
|
 |
|
 |
Frå festforestillinga i Skjåk |
|
Dame med utstråling |
Foto: Morten Kielland |
|
|
- Kven fleire får besøk?
- No blir det Voss 12. april, Botnane 14. juni og Skjåk 8. august. Eg skal på eit par større festivalar utover sommaren. Fleire spennande ting som ikkje er offisielle enno. Men det kjem fleire hendvendelsar no.
- Kva gjere dei som vil at du og bandet skal kome dit dei bur?
- Dei må snarast ta kontakt med julian@hihat.no som er mannen som held styr på jobbane mine.
Overraska over mottakinga
- På ein måte vart eg overraska over mottakinga. Eg var nervøs heile veka/vekene før lanseringa.
- Kvifor var du det?
- Fordi det er noko ein har lagt så mykje sjel, tanke og arbeidskrefter i. Det var ekstra sensitivt for meg fordi eg skulle ta for meg ein annan mann sine ord. Ord som kanskje mange hadde sterke forhold til frå før og dermed forventningar til kva og korleis det skulle låte som. Ein kjenner seg alltid ekstra naken og sårbar framfor slike "slepp" og premierar.
- Korleis opplever musikarane du har med deg mottakinga, mindre overraska enn du?
- Hehe... tja.. dei er jo ikkje så nært innpå det frå før som eg, men også dei gler seg voldsomt over det som skjer. Fleire av musikarane har vore med meg lenge, så det er klart dei tykkjer det er kjekt dei og!
- «Brevet til kjærleiken» har også fått plass på VG lista?
- Ja, tenk det! Jan-Magnus og eg..Herlig.
- I «Under lupen» i NRK P1 sist sundag ( 9.3.) var det mykje skryt og rein 6-ar.
- Sat heime og haurde på. Vart varm inni meg.
- Har det vore spesielle opplevingar med CD-en og konsertane?
- Ja, det har vore mange fine møter. Møter med fleire som kjende Jan-Magnus Bruheim. At slike som dei tykte musikken var bra gledar meg ekstra mykje. Elles har det vore så mykje varme å få frå publikum at eg lever lenge på det.
Vil du fylgje med Sigrid Moldestad og «Brevet til kjærleiken» kan du bruke artistsida hennar på facebook, der er det fleire bilete, stadige oppdateringar og informasjon om kvar ho ferdast. www.facebook.com/sigridmoldestad
|
|