Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Å vera

Å vera ein blom
og ikkje veta um venleiken sin –

Å vera ein stein
og kjenne små kravlande kryp
som kjærtegn mot harde steinhud,
og kjenne solstråler leike
som barnefingrar
over det kalde kinn.
Um steinen har hjarte
må det ikkje slå av lukke?

Å vera ei grein
og kjenne den lette tyngd
av småfugleføter i millom lauvet.
Må ikkje treet drøyme
det sviv til himmels
i fuglesongen?

Å vera eit menneske,
femne det heile,
ta det inn til sitt hjarte,
og gle seg ved dette:
Å vera.

 
  Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Tilbake til toppen