Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Ein av årets vakraste julekonsertar

Sigrid Moldestad og HazeliusHedin

Med klangar frå den nordiske tradisjonen, frå salmar og julesongar, nyckelharpa, hardingfele, orgel og tonar som varmar deg i mørketida. Folkartisten Sigrid Moldestad har invitert med seg den svenske duoen Hazelius/Hedin på sin julekonsert “Vintersong” i år.

Esbjørn Hazelius og Johan Hedin er blant Sveriges største folkemusikkstjerner og er kjende for sine inderlege songar og sitt svingande strengbaserte spel. Saman med Sigrid Moldestad blir det garantert stemningsfulle kveldar med personlege tolkningar av songar som passar mørketida til.

Sigrid Moldestad og Jan-Mangnus Bruheim

Elles må vi mimre litt. Du hugsar kanskje at Sigrid Moldestad tonesette dikt av Jan-Magnus Bruheim som ho gav på den kritikarroste CD-en «Brevet til kjærleiken»?
Julekonsert med Sigrid Moldestad og Hazelius Hedin
Tilbake til toppen