Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Ein raring

Han er ikkje rik
på pengar og jord,
men gled seg ved alt,
som spirar og gror.

Ikkje eig han sauer
og hestar og kyr,
men ingen er meire
glad i dyr.

Ikkje har han fjernsyn
og hytte og bil,
men møter deg likevel med eit smil.

Så er han vel fatig
vår gode mann?
Nei! Ingen er meire
rik enn han.

Når andre spring
og krev meir og meir
og sankar ting
til sitt eige reir –

sit han og ser
frå ei solblå høgd:
at den er rik
som er glad og nøgd.

    Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Back to top