Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Godnatt-song

Alt eg har leika saman med
heile dagen lang,
trøytnar og sovnar i kveldsstill fred
med rolege andedrag.

Eg helsar: Vel møtt i morgon,
til himmel og fuglar på jord,
til dyra langt inne i skogen,
til heimen og far og mor.

Små hender ligg knepte på bringa,
så seier eg alle god natt.
Sviv mellom små englar i draumeland
til morgonen vekkjer meg att.


Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Tilbake til toppen