Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Hadde eg venger

Når verda viser meg vranga
og vegen er tung å gå,
då ynskjer eg så inderleg
at eg hadde venger på.

Eitt veit eg, at hadde eg venger,
eg flaug over alle fjell.
Eit anna eg veit, er dette
at eg gjorde det ikkje lell!

 

Jan-Magnus Bruheim

 

Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Tilbake til toppen