Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Haustkveld ved havet

Ei eldraud kveldssol sig i havet
og her i avdagselden
kan hjarta gløyme krav og kav
og kvile ut i kvelden.

Ei furu står i skrinne jord
det susar lint i baret
småboror kviskrar løynde ord
til bløretang og tare.

Dei bårene som går mot land
og syng si same salme
dei rullar og mot framand strand
med mandeltre og palme.

Det ropar røyster i meg: Kom!
til andre land og lende
men kjenner milde hender som
dreg tanken stilt attende.

Langt ute høyrest bylgjebrot
sjøfuglen ber seg ille
Draugen ror sin halve båt
mot natt og skymingsstille

Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lesa fleire av dikta til Jan-Magnus

Tilbake til toppen