Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Kunne eg vera

Kunne eg vera
føter,
som sprang med hjelp
til den som ropa i naudi.

Kunne eg vera
hender
som bar
mat til den svoltne
trøyst til den sorgtyngde
uppreising til den
som ligg slegen ned.

Kunne eg vera
ein munn,
som midt i larmen
makta å trengje igjenom
med rop og med råd
til den som er rådlaus.

Kunne eg bera
stille til den stride,
mildskap til den harde.

Kunne eg
kunne eg
vera
fred.

Jan-Magnus Bruheim


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Tilbake til toppen