Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Ny bok

Endeleg!
I august 2018 kjem ei ny bok med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Her finn du m.a. dei kjende dikta «Om alle tre var like», «Syskenringen», «Vakker og god», «Ein raring», «Liten gut fortel»», «Morgonglede», «Ferdaskrinet» og mange fleire. Tittelen på boka er «Trollguten og andre dikt». Du kan bestille boka pr. e-post: post@janmagnusbruheim.no

Vennelaget Jan-Magnus Bruheim gjev ut denne boka i samarbeid med Samlaget. Det er Jens I. Kristensen som har illustrert boka. Du kan gle deg til å sjå dei vakre illustrasjonane hans.

Her nokre av dei:

Det som er så fint med barnedikta til Jan-Magnus, er at dei har bodskap til menneska, uansett alder. Barnedikta er tidlause, dei er like aktuelle i dag som da dei vart skrive, dei gjev grunnlag for både oppmuntring og tankevekking. Og så er dei skrive på nynorsk.

Boka vil få stor merksemd. Den skal lanserast både i Skjåk, Botnane og i Oslo.

Jan-Magnus Bruheim (1914 – 1988) budde i Skjåk det meste av livet sitt. Han gav ut fleire diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers.

Bruheim ynskte å auke leselysta til barn gjennom skrivinga si. Han ville vise at alt som lever, sjølv det minste «krek», er vår medskapning. Difor handlar mange av dikta om små dyr, eller små ting, som vi i vår travle kvardag ikkje ansar på. Det er gjerne fleire botnar i barnedikta. Bruheim har sagt at oppdagingsglede er verdifullt i ei tid som vår, da barn og vaksne blir utsette for eit bombardement av inntrykk utanfrå, og det blir det meir vanskeleg, men enno meir naudsynt å kunne samle seg om og fordjupe seg i det skrivne ordet.

Bruheim gav ut nærmare 40 bøker gjennom om lag like mange år, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker.
Han fekk ei rekkje prisar og premiar for barnebøkene sine.

Utanom boka vi gav ut i 2014, er bøkene til Jan-Magnus berre ein sjeldan gong å få ta i på antikvariat. Vennelaget Jan-Magnus Bruheim er glade for at vi no endeleg skal gje ut ei dikt i utval med tidlause barnedikt for både barn og vaksne. Redaktør er Hildegunn Solberg Nes. Vi håpar du likar boka.

Barnboknemnda 

  • Hildegunn Solberg Nes, redaktør
  • Sigrun Eide
  • Ingvill Høgvoll

Du kan bestille boka pr. e-post: post@janmagnusbruheim.no

Back to top