Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Ny diktarsti i Botnane

Laurdag 18. august 2018 kl 13 opnar Diktarstien i Botnane. Ein natursti med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Dikta er plasserte der han vart inspirert til å skrive dei.

Velkomen til opninga laurdag 18. august kl. 13

Om vêr- og vindtilhøve gjer det mogeleg skjer opninga på den nye raste- og parkeringsplassen på Jørnjorda. Elles vert den ved Botnane grendahus.

Program
– Magnhild Bruheim opnar Diktarstien etter farbroren.
– Sigrid Moldestad syng songar ho laga av dikt av Bruheim
– Hildegunn Nes les dikt og fortel om Bruheim og Vestlandet
– Magni Øvrebotten leiar opningshøgtida

Etter opninga går vi stien og det vert høve til å kjøpe mat i Botnane grendahus.

I samband med opninga av Diktarstien i Botnane lanserer Samlaget og Vennelaget Jan-Magnus Bruheim den nye boka med utvalde barnedikt. Hildegunn Nes er redaktør for boka. Det vert sal av bøker, kort og nett med Bruheim-sitat.To nye kort med lokale motiv

Beste helsing
Botnane og Årebrot grendalag

Eit bilete frå Botnane. Fotograf er Magni Øvrebotten

Litt om Jan-Magnus Bruheim og  Diktarstien i Botnane

Frå 1978 til 1985 budde forfattaren Jan-Magnus Bruheim i det nedlagde skulehuset i Botnane. Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk 15. februar 1914. Bortsett  frå åra i Botnane budde han i Skjåk det meste av livet sitt og døydde 10. august 1988.

«Bruheimen», som han vart kalla, fann seg fort til rette og vart ein svært omtykt bygdamann. Han las gjerne dikta sine på ulike tilstellingar.

Diktinga hans fekk ny næring, nye motiv og nye synsvinklar, og elleve av dei 45 bøkene hans kom ut medan han budde i Botnane. – Sju gode år, sa han om dei.

No er alle som opplevde Jan-Magnus Bruheim i Botnane anten borte eller godt vaksne. Men nye generasjonar vart kjende med diktinga hans i samband med 100-årsjubileet i 2014. Då kom det ut ei ny bok med «Dikt i utval», og musikaren Sigrid Moldestad tonesette dikt av han til CD-en «Brevet til kjærleiken». Det har aldri vore så mykje folk i Botnane som 14.06.14. då Moldestad og musikarane hennar samla over 400 menneske til konsert bak grendahuset.

Sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad står for utforminga av stien og det grafiske uttrykket. Askvoll skiltgravering lagar skilta og entrepenør Øystein Faye har flytta digre steinar og arbeidd opp raste- og parkeringsplassen på Jørnjorda. Elles skjer alt arbeid på dugnad. Det er eit stort løft for ei lita bygd.

Vi opna også ein Diktarstig i Skjåk i 2014.

Back to top