Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Urpremiere under Førdefestivalen

Barnedikta til Jan-Magnus Bruheim møter musikken til Sigrid Moldestad

Familiekonserten er eit leikande møte mellom ord og musikk. Barnedikta til Jan-Magnus Bruheim vert av mange halde fram som noko av det finaste Bruheim gjorde.

Han skreiv vare og brusande dikt om livet til både små og store. Han var oppteken av dyr og natur, og kan på mange måtar kallast ein tidleg miljøforkjempar med dikta sine. Å bli sett og teken på alvor som menneske er andre tema som går att.

Sigrid Moldestad har tidlegare jobba med vaksendikta til Bruheim, mellom anna på plata “Brevet til kjærleiken” i 2014. Gjennom arbeidet med denne plata vart ho

merksam på den store skatten av barnedikt som er igjen etter Bruheim.

– Desse dikta har eg tenkt på lenge. Eg syns rett og slett dei fortener større merksemd, seier ho.

No har ho gått saman med musikarane Kåre Opheim, Jørgen Sandvik og Sondre Meisfjord og laga ei konsertframsyning som publikum i alle aldrar kan lytte, danse og undre seg med. Musikarane leikar seg med element frå folkemusikk og ikkje minst spennande og fantasifull lysdesign.

Konserten passar for barn i skulealder og oppover.

Konserten og prosjektet har Sigrid gjort i samarbeid med Førdefestivalen, Falturiltu og Vossajazz.

Foto: Øystein Haara

Sigrid Moldestad. Foto: Øystein Haara

Førdefestivalen 6. – 10. juli

Konserten har urpremiere 7. juli kl 18.00 under Førdefestivalen 2022 og heiter «Regndropebarna og andre dyr».

– Sigrid Moldestad – fele, vokal
– Jørgen Sandvik –  gitar, banjo, mandolin, vokal
– Kåre Opheim – trommer
– Sondre Meisfjord – bass

Back to top