Skip to Content
Skip to Navigation hotkey

Vegvisaren

Vegvisarar ropar høgt.

Vegvisaren
står berre stum
og peikar –

Høyrer ropet
utanfrå:
Dette er vegen
du skal gå!

Røyster frå alle leider:
Fylg meg!
Stanar og lyder.
Uvisse blir mine steg.

Høyrer røystene
innanfrå:
Kvar for seg lyt alle
leite upp vegen
dei må gå.

Men når eg trur
eg har funne
kjenner eg òg
ein brennande trong
til å rope
ut over hav og jord:
Dette er vegen, syster,
dette er vegen, bror!

Men vegvisaren
seier ingen ting.

Står berre stum og peikar.

Jan-Magnus Bruheim

 

 


Har du lyst på fleire smakebitar av alt det flotte som Jan-Magnus Bruheim har skrive?

Her kan du lese fleire av dikta til Jan-Magnus

Back to top