Skip to Content

Uncategorized @no

Skip to Navigation hotkey

Innkalling til årsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Til gamle og nye venner av Vennelaget Jan-Magnus Bruheim Har du ei sak du ynskjer å ha med? Meld frå til styret: mailto:post@janmagnusbruheim.no innan 26. august. Forslag til sakliste Godkjenning av innkalling Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokoll Årsmelding Rekneskap og budsjett Aktivitetsplan Eventuelt Ei fullstendig sakliste blir publisert her ei veke før møtet. Velkomen til årsmøte på Billingen Seterpensjonat i Skjåk måndag 4. september kl 19.30 Enkel servering Helsing frå styret Sigrun Eide, Ingvill Høgvoll, Rolv Kristen Øygard, Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten, Magnhild Bruheim og Tora Eiterjord  

Les meir

Ny diktarstig i Botnane

  Jan-Magnus budde fleire år ute ved havet Jan-Magnus Bruheim (1914-88) budde i Botnane i Bremanger frå 1978 til 1985. Han gav ut 11 av dei 45 bøkene sine medan han budde der ute ved havet. I Botnane ynskjer dei å få til ein diktarstig med dikt Bruheim skreiv medan han budde der. Ein del dikt har motiv frå konkrete plassar i bygda, og meininga er å sette opp 6-7 skilt med slike dikt og informasjon om Bruheim og Botnane. - Inspirert av Diktarstigen i Skjåk ser eg føre meg ein diktarstig i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte nærast råd dei konkrete plassane som inspirerte han til å skrive dikta. Eg synst det er naturleg at det står noko synleg att etter 100-årsjubileet for Bruheim (2014) også i Botnane, seier Magni Øvrebotten. Det er Botnane og Årebrot grendalag med Magni Øvrebotten i bresjen, som er ansvarlege for dette prosjektet. Magni Øvrebotten har laga ei prosjektskisse for Diktarstigen i Botnane. Vil du vere med å støtte diktarstigen? Diktarstigen er kostnadsrekna til 70.000 kroner og skal settast opp på dugnad i 2016. Pengar må samlast inn og Botnane og Årebrot grendalag har oppretta ein eigen konto til føremålet: 3705.29.68802. Vil du vere med å gje støtte til diktarstigen, må du hugse å merke innbetalinga med Diktarstig.  

Les meir
Back to top