Skip to Content

Skip to Navigation hotkey
Vedteksendringar, årsmelding og val

Vedteksendringar, årsmelding og val

Ei av sakene var nødvendige justeringar av vedtektene våre. Vi har eit anna utgangspunkt no, enn da vi laga vedtektene i 2016. Meir om årsmøtet 2019

Les meir
Årsmøte 2019

Årsmøte 2019

Du er velkomen på årsmøte måndag 15. april kl 19 på Billingen Seterpensjonat i Skjåk. Innkalling og sakliste

Les meir
Ny barnebok

Ny barnebok

Endeleg! I august 2018 kjem ei ny bok med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Meir om den nye boka.

Les meir
Ny diktarsti

Ny diktarsti

Laurdag 18.august 2018 kl 13 opnar Diktarstien i Botnane.  Meir om Diktarstien i Botnane

Les meir
Årsmøte 2018

Årsmøte 2018

Årsmøte gjekk føre seg på Skjåk folkebibliotek 25. mars 2018. Meir om årsmøtet 2018

Les meir

Innkalling til årsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim

Til gamle og nye venner av Vennelaget Jan-Magnus Bruheim Har du ei sak du ynskjer å ha med? Meld frå til styret: mailto:post@janmagnusbruheim.no innan 26. august. Forslag til sakliste Godkjenning av innkalling Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under protokoll Årsmelding Rekneskap og budsjett Aktivitetsplan Eventuelt Ei fullstendig sakliste blir publisert her ei veke før møtet. Velkomen til årsmøte på Billingen Seterpensjonat i Skjåk måndag 4. september kl 19.30 Enkel servering Helsing frå styret Sigrun Eide, Ingvill Høgvoll, Rolv Kristen Øygard, Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten, Magnhild Bruheim og Tora Eiterjord  

Les meir
Opninga av Diktarstien i Botnane er utsett eitt år – til 18.8.18

Opninga av Diktarstien i Botnane er utsett eitt år – til 18.8.18

Vi ynskjer å gjere skikkeleg arbeid og ha alt ferdig til opninga. Då treng vi både meir tid og pengar, seier prosjektleiar for Diktarstien i Botnane, Magni Øvrebotten. Skissa for Diktarstien kan du sjå her: Diktarstien i Botnane.pdf Skjåk I 2014 opna vi Diktarstigen i Skjåk, den går langs den mektige og brusande elva Tora ved Billingen setergrend. Stigen på 0,6 km har 9 tavler med dikt og sitat av Bruheim. Den er veldig flittig brukt. «Når» du kjem til Skjåk i sommar, så må du ta deg ein tur hit. Les om Diktarstigen i Skjåk

Les meir
Sigrid Moldestad med ny Bruheim-song

Sigrid Moldestad med ny Bruheim-song

Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og Sver Sigrid Moldestad lanserer 23. februar ein ny song med tekst av Jan-Magnus Bruheim, som ho har tonesett. Med seg på singelen har ho Aasmund Nordstoga og folkemusikkgruppa Sver. “Det var du” heiter songen, som byggjer på diktet “Den bergtekne”. Dette er ein song som ikkje var heilt ferdig til Sigrid Moldestad gav ut CD-en “Brevet til kjærleiken” for tre år sidan, i høve 100-årsjubileet for Bruheim 15. 02.2014. NRK Sogn og Fjordane intervjua Moldestad og spelte songen for fyrste gong fredag 17.februar. Høyr her: .  

Les meir

Invitasjon til stiftingsmøte

Til alle i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim Du er invitert til stiftingsmøte i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim. Møtet skal gå føre seg i Utgard, Lundagrende, Skjåk (hjå Mari Brenna) fredag 6. mai kl 18. Program Opning ved Rolf Kristen Øygard Oppsummering av jubileet ved Magnhild Bruheim Status ny barnebok med dikt Diktlesing ved Endre Skjåk Stifting av styre (val av styre, forslag til vedtekter, arbeidet vidare) Servering Send inn forslag til styremedlemmar Send gjerne forslag på personar som er viljug til å stille til val for styret i Vennelaget Jan-Magnus Bruheim før 18. april til denne e-postadressa: post@janmagnusbruheim.no Velkomen!   Innbydinga er eit initiativ frå jubileumsnemnda Sigrun Eide, Magnhild Bruheim, Rolf Kristen Øygard, Else Hove Hyrve, Magni Øvrebotten og Torgeir Ødegård

Les meir

Ny diktarstig i Botnane

  Jan-Magnus budde fleire år ute ved havet Jan-Magnus Bruheim (1914-88) budde i Botnane i Bremanger frå 1978 til 1985. Han gav ut 11 av dei 45 bøkene sine medan han budde der ute ved havet. I Botnane ynskjer dei å få til ein diktarstig med dikt Bruheim skreiv medan han budde der. Ein del dikt har motiv frå konkrete plassar i bygda, og meininga er å sette opp 6-7 skilt med slike dikt og informasjon om Bruheim og Botnane. - Inspirert av Diktarstigen i Skjåk ser eg føre meg ein diktarstig i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, plasserte nærast råd dei konkrete plassane som inspirerte han til å skrive dikta. Eg synst det er naturleg at det står noko synleg att etter 100-årsjubileet for Bruheim (2014) også i Botnane, seier Magni Øvrebotten. Det er Botnane og Årebrot grendalag med Magni Øvrebotten i bresjen, som er ansvarlege for dette prosjektet. Magni Øvrebotten har laga ei prosjektskisse for Diktarstigen i Botnane. Vil du vere med å støtte diktarstigen? Diktarstigen er kostnadsrekna til 70.000 kroner og skal settast opp på dugnad i 2016. Pengar må samlast inn og Botnane og Årebrot grendalag har oppretta ein eigen konto til føremålet: 3705.29.68802. Vil du vere med å gje støtte til diktarstigen, må du hugse å merke innbetalinga med Diktarstig.  

Les meir
Back to top